Under fana regionale mobiliseringsprosjekt vil Sparebanken Vest støtte  prosjekt som gjer Stordøya og Bømlo til betre stader å bu i. Heile 1 million kroner deler banken ut til desse prosjekta.

Banksjef Arve Havnerås vonar at òg mange fitjarbuar har gode prosjekt på beddinga og vonar mange vil sende inn gode prosjekt til Sparebanken Vest. 

Han fortel vidare at fram til 25. januar er det  ein nominasjonsprosess der du kan nominere dei prosjekta du meiner utgjer ein forskjell for lokalsamfunnet.

Etter at nominasjonsprosessen er over 25. januar, og fram til eit storstilt underhaldningsarrangement på Arena 11. mars, vil ein jury som består av fire viktige lokale personar, innstilla dei prosjekta som verkeleg gjev hjartebank for Stordøya  og Bømlo. Ein av jurymedlemane vil vere frå Fitjar.

Dei beste prosjekta blir plukka ut av juryen og presentert på banken sine  Facebook-sider «VI – samfunnsansvar Sparebanken Vest» og på spv.no.

-Håper å sjå deg på Arena 11. mars, oppfordrar Arve Havrerås.

Du kan nominere din kandidat her