Fitjarjenta Synnøve Levåg bur i Bergen, men som den fitjarambassadøren ho er, fekk ho med seg rundt 20 kollegaer til Fitjar, der ho laga til eit historisk Håkonartablå, berre på løye.

Mellom anna fekk ho med seg Roald Drønen til å vere konge, med bossekk som høveleg vikingklede, i denne samanhengen.

Manuset ho hadde laga var elles seriøst nok, og gav dei besøkjande god innføring både i soga om Håkon den Gode og Slaget på Fitjar.

Med til historia høyrer òg at Synnøve, i går, på uhøgtideleg og uformelt vis, fikk tildelt ein fitjarpins av sjølvaste ordførar Harald Rydland, som eit teikn på at ho er utnemnt til Fitjar sin ambassadør i Bergen.

-Og "kollegagjengen"?

-Kjempeartig, sa dei.