Illustrasjonsfoto: KS

34.274 personar i Vestland var utan arbeid ved slutten av mars.

NAV melder at arbeidsløya i Vestland ved utgangen av mars var på 10,2 prosent eller 34.274 personar. Det er ein auke på heile 336 prosent frå same månad i fjor.

Om lag 9 av 10 nye arbeidssøkarar i mars oppgjev permittering som årsak til at dei melder seg ledige hos NAV.

– Mange av dei ledige har eit arbeidsforhold å returnere til når denne krisa er over, men vi får òg signal frå marknaden om at mange ser dystert på situasjonen. For kvar veke som går med denne unntakstilstanden, vil fleire og fleire verksemder få utfordringar med å overleve, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

– Vi førebur oss på at talet på ledige vil være høgt lenge etter at tiltaka rundt koronasituasjonen er oppheva, legg Bogsnes til.