Førstkomande torsdag (16.6) opnar ei unik utstilling i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg om førebuinga, arrangementet og avdukinga av Håkonarmonumentet for 50 år sidan.

– Offisielt  skjer opninga av utstillinga i foajeen torsdag 16. juni kl. 18.00, og det er snakk om 30 bilete i eit format på 30 x 40 cm, fortel Elise Aarbø i arbeidsgruppa som har jobba med utstillinga.

I arbeidsgruppa har òg Kjetil Rydland, Torhild Andersen og Harald Westerheim vore med. Dei har fått hjelp av fotograf Per Egil Larsen.

I samband med avdukinga der Hans Majestet kong Olav V var til stades, var det mykje presse på plass. Biletet ovanfor syner ein faksimile frå Haugesunds Dagblad om arrangementet.