Fredag 5. september kl. 18.30 vert det historisk foredrag i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, ved Kjetil Evjen.

Evjen er utdanna statsvitar og historikar frå Universitetet i Bergen, og i foredraget trekkjer han linjene frå Noreg på Håkon den Gode si tid, via det Noreg som var i 1814 – og vidare fram til i dag.

Stiftinga Håkon den Gode, Fitjar folkebibliotek og Fitjar kulturkontor står bak arrangementet.

Ingressbilete: Kjetil Evjen

(ANNONSE)