Odd Harald Turøy har fått hand om båten ”Axel” frå 1878. No driv han restaureringsarbeid på den smekre stålskøyta på 60 fot.

"Axel" er bygt i Göteborg, og var då utstyrt med Lindholmens angmaskin (dampmaskin). I dag sørgjer ein 210 hestars volvo penta for 12-13 knops fart på den lange og smale båten.

Dei første åra vart skuta brukt som tau- og passasjerbåt i Sverige. Den vart utleigd til Konsul Rich. Petterson som starta  sambandet Horten-Moss i 1884. Den vart seinare avløyst av Bastø 1.

Etter nokre år i sambandet mellom Oslo og Bygdøy, vart båten seld til det Norske Nitrid, betre kjend som smelteverket i Odda.Etter å ha vore med på vintersildfiske, hamna fartøyet i Sandeid.

"Axel" vart brukt til ulike fraktoppdrag i Rogaland og Hordaland, og vart av mange kalla ”potetskøyto”. Statens dykkerskule var dei siste som disponerte båten, før den no altså hamna i Fitjar.

Odd Harald har i dag ingen konkrete planar for framdrifta for ”Axel” , verken når det gjeld bruk eller økonomi. No er det interessa for eldre båtar og kysthistorie som driv han, og mykje av fritida vert nytta om bord.

Det nye interesselaget for Brandasund og Fitjarøyane, kan vera ein god ide for vidareutvikling av eit båtprosjekt som dette, fortel Odd Harald.

Når me no treff skøyta på Fitjarvika av og til, er det rart å tenkje på at det truleg er ein av Norges absolutt eldste stålbåtar som endå flyt, bygd som han er i 1878.