Arkivfoto: Fitjarposten

Isak Koløen AS hadde, når verksemda gjekk konkurs, drive trevareproduksjon på Koløyo / Sjoarreset i ca 50 år.

Førre veke skreiv Fitjarposten dei trasige nyhenda om at Harmonie skal avvikle fabrikken på Sjoarresset. Då tok me korte trekk av historia bak selskapet J. Fjeldtvedt AS, men ikkje historia bak fabrikken på Fitjar.

Svein Koløen, har på vegner av Isak Koløen AS sendt oss eit innlegg som får fram den heile historia:

Artikkelen dykkar om trevarefabrikken på Fitjar er vel litt ufullstendig og missvisande når det gjeld bakgrunn og historie!

Bygget vart reist av Fitjar kommune for utleige til Isak Koløen a/s,  som flytta trevareproduksjonen opp der i 1978. Isak Koløen a/s dreiv der fram til konkurs I 1992. Trevarefabrikken blei deretter kjøpt av H-tre som dreiv den fram til sal til J. Fjeldtvedt a/s i 2002. Dette firmaet flytta då produksjonen sin fra Stord til Sjoarreset. I 2015 gjekk J. Fjeldtvedt a/s konkurs. Etter har det vore ytterligere  to «eigarkonstellasjonar» før avviklinga no. J.Fjeldtvedt a/s er såleis eit «mellomspel» og ein liten del av heile historien til trevarefabrikken på Sjoareset.

Isak Koløen AS hadde, då verksemda gjekk konkurs, drive trevareproduksjon på Koløyo / Sjoarreset i ca 50 år.

Svein Koløen vil forøvrig på det sterkaste anbefale å lese boka til Sandvik / Hartveit: «Firmaet som sette Koløyo på Kartet».

– Den vil gje dykk den fulle og heile historien om verksemda på Koløyholmen opp gjennom tidene.