Over 50 historisk interesserte fitjarbuar rydda buskar og kratt på Osternes festning sist laurdag.

Om alle var like historieinteresserte på førehand er ikkje heilt sikkert, av dugnadsdeltakarane var nemleg mange ungdommar  som aldri hadde vore på festningen før. Men i går fekk dei 34 ungdommane frå 9. klasse på Rimbareid skule omvising på festningsområdet av Ingmund Bjordal, og det lét til at dei følgde godt med.

For dugnadsjobben får elevane nokre velfortente kroner til Polen-turen i haust. Det har etter kvart blitt tradisjon at elevar på Rimbareid reiser med Aktive Fredsreiser til Auschwitz i 10. klasse og opplever krigsminnesmerka. Slik blir det også i år, og det høver såleis godt at dei får eit lite innblikk i det som skjedde her heime under 2. verdskrigen.

Bakgrunnen for dugnaden var at ein representant for foreldra til 9.-klassingane, Vidar Larsen, hadde fått ei oppmoding frå Foreininga Osternes Festning. Dette er ein ny organisasjon i Fitjar, med føremål å gjera festningen i Osterneset og historia kjent for ålmenta. Foreininga blei stifta i fjor, og har eit styre på fem mann: Alf Gjøsæter, Magnar Kloster, Ingmund Bjordal, Frode Kloster og Odd Jarl Larsen.

Sistnemnde er leiar i foreininga, og han fortel at gårsdagens dugnad var den fjerde etter at dei starta foreininga. Festningsområdet har grodd over med kratt og skog, og det er vanskeleg å førestella seg at det for 70 år sidan nesten ikkje var eit einaste stort tre ute på nordpynten av Fitjar. Odd Jarl Larsen stod i spissen for gårsdagens dugnad saman med Vidar Larsen, som hadde ansvar for å organisera dei 34 elevane saman med fem andre foreldre. I tillegg stilte rundt 10 frivillige kvinner og menn opp for å hjelpa til, med motorsager, brakasakser, spader, grafser og trau.

I løpet av dagen blei det fjerna mykje småskog, som blei kjørt gjennom fliskuttar og gjort «til inkjes». Eit par kanonstillingar blei rydda for jord ag anna rusk og rask. Innsatsen til dei unge dugnadsdeltakarane var upåklageleg. Enkelte nytta høvet til å leika seg i dei underjordiske trappene i bunkersane, men ikkje så mykje at det gjekk ut over arbeidet.

Både dugnadsleiar Vidar Larsen og Odd Jarl Larsen var storleg nøgde med innsatsen til dei unge dugnadsdeltakarane. Noko dei og gav tydeleg uttrykk for overfor elevane, som såg ut til å setja pris på ein heil dag ute i friluft. Dei me snakka med, lét vel over at dei hadde hatt det både kjekt og interessant. Så vidt me kunne sjå, var det ein fin kombinasjon av historie, arbeid og leik ute i godvêret.