I samband med at REMA 1000 Fitjar har fått ny bakaromn, drog leiar Jan Stian Taule til med frukost i butikken i dag tidleg. Både han og medarbeidarane hans var utkledd i ekte hippie-stil.

– Me må ha det litt gøy i kvardagen, seier Taule til fitjarposten.no, og legg til: – At me kledde oss ut som hippiar, var elles litt tilfeldig, me kunne lett ha valt ein annan stil. Årsaka til markeringa er uansett at me har fått ny bakaromn for å kunne imøtekome kundane sitt ønskje om stadig ferskt brød i butikken.

Andletsmåling
Borna som kom i butikken fekk tilbod om å få sminka seg i andletet. Dei to me tok bilete av valde å bli sminka som Spiderman og Angry Birds. Då me kom innom butikken og fotograferte, var det ikkje så mykje folk rundt frukostbordet, men før me hadde ete ferdig rundstykket som fall oss svært godt i smak, vart talet dobla både ein og to gonger.

Ingressbilete: Frå frukosten hos REMA 1000 Fitjar i dag. F.v. Hanne Larsen, Helene Larsen, Bente Larsen, Jan Stian Taule, Tomas Malkenes og Nora Helland. Foto: Håkon C. Hartvedt