Femteklassingane avsluttar framsyninga med bursdagssongen for Bamsefar. Foto: Kjetil Rydland.

Femteklassingane på Rimbareid skule gav oss ei oppleving me seint vil gløyma då dei framførte «Dyrene i Hakkebakkeskogen» torsdag kveld.

– Kor lenge skal me stå her? høyrde me ei røyst som sa medan dei unge aktørane stod tolmodig oppstilte før framsyninga. Dei var tydeleg ivrige etter å koma i gang, og då det først bar laust, fekk me til fulle sjå at femteklassingane var meir enn klare til innsats.

«Dyrene i Hakkebakkeskogen» av Torbjørn Egner har i mange år vore ei suksessoppskrift for barneskulen på Rimbareid. Gong etter gong har me beundra femteklassingar som kastar seg ut i skodespelet med liv og lyst. Søsken, foreldre, besteforeldre, vener og kjende har gitt seg ende over for dei engasjerte unge skodespelarane.

Benjamin Lillenes og Tord Brekke ønskjer velkommen til ein nesten fullsett gymsal. Foto: Kjetil Rydland.

Som or ei Sareptas krukke dukkar det opp nye femteklassingar kvart år som gjer det like bra, og i går var ikkje noko unnatak. Gymsalen var nesten fullsett, og dei unge aktørane hausta ståande applaus då dei avslutta med «Bamsens Fødselsdag».

Å trekkja fram enkeltelevar er heilt unødvendig etter å ha sett alle engasjera seg både i song og spel, og med praktiske oppgåver undervegs. Gjennomført stødig og sprudlande av liv heile vegen.

Lærarane Helga Olsen Aadland og Evy Skogedal fortener honnør for ei gjennomført flott framsyning, det same gjer fleire foreldre og andre frå personalet på skulen.

Og ros fekk både elevar og vaksne, både frå Ole Bergesen, som takka på vegner av foreldre og føresette, og frå inspektør Dan Torbjørnsen ved Rimbareid skule.

– Eit eventyr av eit teater! slo revymannen Bergesen fast. Og det sluttar me oss til.