Tittelen viser til ein kommentar frå sidemannen vår under konserten med SKRUK i Fitjar kyrkje fredag kveld. – Musikken kraup inn under huda og gav meg fysisk velbehag, sa ein annan av tilhøyrarane.

Så var det òg ein fantastisk konsert. Sjelden har me opplevd korsong av slik kvalitet i Fitjar kyrkje. Frå eit stille, varsamt kyrie, der kormedlemene stod spreidde rundt om i kyrkjerommet til ein fantastisk versjon av Joshua fit the battle of Jericho, gav koret det eine fantastiske høgdepunktet etter det andre. Dei gav òg til beste arrangement med syltette klangar, som i nokre arrangement av Magnar Åm, og song dei klokkereint.

Koret har vidare ein enormt god disiplin i alt dei gjer, og utstrålinga er herleg smittande. Det fell òg lett å bli inspirerert og fasinert av dirigenten Per Oddvar Hildre, viden kjend som Prots.

Samstundes auste koret av den rike salmeskatten vår på ein måte som gjorde at fleire av desse velsigna songane vart som nye for oss. Alt i alt ei heilt spesiell oppleving av varig verdi, som me nok ikkje gløymer med det første.

Svært gledeleg var det at me slett ikkje var åleine i å få del i dette. Allereie eit kvarter før konserten starta var det fullt, og i ein annan samanheng hadde me nok brukt ordet «stinn brakke» for å seie kor god oppslutninga var.

Arrangørane bak temakveldane i kyrkja kan denne gongen gle seg over ein innartiar.