Dei ti vaksne gutane i Manna gav dei frammøtte på Fitjar bedehus føde for sjela med sin tydelege bodskap med himmelske klang.

Konserten fredag kveld med mannskoret med utspring frå Bergen indremisjon var ein del av Misjonssambandet si møteveke på Fitjar bedehus. I tillegg til den himmelske klangen fekk Fitjarfolket og møta den nytilsette områdearbeidaren Øystein Hitland som opna møtet med å minna om å at ein må ta til seg føde, og at det er to måtar å møta Guds ord på, enten ved å eta seg svolten eller ved å svelta seg mett.

Taler denne møteveka er områdearbeidar Jostein Skartveit, og fredag kveld fekk dei 70 frammøtte høyra han snakka om frelsesdrakta, om at Jesus tar av menneska sine purpur- og skarlagenfarga kle og kler dei som vil ta imot han med sin kvite kledning, eller enklare sagt: Jesus døde for det gale alle har gjort og har med det gjort opp for kvar enkelt si synd.

Manna song tre avdelingar. Det var ei fryd å lytta til dei og det vart andektig stille medan dei innhylla forsamlinga i den himmelske klangen. Flinke og klåre tenorar på toppen og fyldige og nydelege bass-stemmer på botnen som skapte fylde. Alle songane vart framførd a capella, det vil seia utan anna akkompagnement enn sine eigne stemmer. Dei varierte mellom norske salmar, i spennande og understrekande arrangement, og amerikanske a capella-songar.

Samlinga vart avslutta med eit flott dekka kveldsmat-bord, og alle kunne gå heim mette, både i kropp og sjel, men kanskje samstundes meir svoltne på både Guds ord og himmelsk klang.

 Neste, og siste møte i møteveka til misjonssambandet er søndag kveld kl 19.30 på Fitjar bedehus.