Da Per Spook nylig hadde utstilling i "Permanenten" i Bergen, fekk Hilma Lønning, saman med mannen Malvin, spesialinvitasjon. Og etter å ha møtt Spook i Bergen, fekk dei ein ny invitasjon med seg heim.

No er dei inviterte til å vitja Spook i heimen hans på Aker Brygge i Oslo.

Bakgrunnen er at Per Spook, for ei tid tilbake, kjøpte eit stort åkle som Hilma har vove. Eit åkle han synest svært vel om, og som han brukar til sengeteppe.

Og så fornøgd er denne profilerte kjendisen at han, i tillegg til invitasjonane, har sendt Hilma julekort, år etter år.