Førstkommende laurdag blir det hesteskokasting i sentrum, leia av Stord hestoskoklubb, og vår eigen Annar Westerheim. Annar fekk i sommar mellom anna ein 4.plass i ein av NM-rundane. Men laurdag skal alle som vil få prøve seg, og i tillegg få lære litt meir om denne sporten, som dei fleste kan vera med på. Det heile vil gå føre seg ved sida av blomebua til Malvin Aarskog frå klokka 12.00-15.00. Til dei yngste vil det bli delt ut ein liten deltakarpremie.