Folk fekk prøve seg, og hesteskokastarane frå Stord hesteskoklubb demonstrerte – og imponerte.

Det er jo, som med alt anna, ikkje så lett som det ser ut til, når ein ser på folk som kan ting. Slik også med hesteskokastarane. Frå 10 meters avstand fekk dei den eine hesteskoa etter den andre til å snurra seg rundt, eller landa like ved den raude jernpinnen som markerte målet. Men å gjera dei etter, det var ikkje lett.

I det sure veret med kald nordavind og regn, var det elles ikkje altfor mange fitjarbuar som prøvde seg denne gongen. Men hesteskokastarane vil koma att til våren, og då lyser me ut til Fitjarmeisterskap med diplom og premiar. Så det er berre å leggja seg i trening.

For dette er noko alle kan vere med på, og gøy er det, synest i alle fall me, sjølv om det ikkje akkurat vart nokon "innartiar" då me prøvde oss.