Hestehoven våga seg fram i sola i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Det uvanleg tidlege vårvêret gjer at enkelte blomar er mykje tidlegare enn normalt. Eit sikkert teikn på at våren er i anmarsj, fekk me i ettermiddag då me kom over hestehov i vegkanten ved Gamle Sæterbøvegen.

Det er nok ein aldri så liten sensasjon at hestehoven blømer i februar. I fjor hadde me ein svært kald ettervinter, og kom ikkje over hestehov i blomst før dei siste dagane i mars.

Vanlegvis blomstrar hestehoven i perioden mars–mai. Han er ein av dei tidlegaste vårblomane. Når blomstringa er ferdig, kjem blada, store nyreforma rosettblad som står heile sommaren. Dei er 15–20 cm store, og kveler lett andre planter.

Hestehoven har mange namn, blant anna leirfivel og følfod (dansk), og på latin har han det velklingande namnet tussilago farfara.

Hestehoven er ei gammal medisinplante; blada inneheld slim som lindra hoste og fekk sår til å gro. Dette vil me nok ikkje anbefala i dag. Blada har òg blitt brukte som tobakk og til fargeplanting.