Herman Inge Aadland er leiar i styret for Bjørgvin NMS. Arkivfoto.

Tidlegare sokneprest i Fitjar, Herman Inge Aadland, er styreleiar i Det Norske Misjonsselskap, Region Bjørgvin. Han ønskjer å dela nokre tankar om koronapandemien og misjonen.

Kjære alle NMS-vener i Bjørgvin!                                                                        

Guds fred!

Det er utruleg kva eit ørlite virus kan utretta. Brått er så å seia heile verda meir eller mindre parkert. Også misjonsorganisasjonane er svært sårbare og ille ute i denne tida. Me i NMS er ingen unntak. Frå ein dag til ein annan er mest alle inntekter stoppa opp:

Gjenbruksbutikkane er stengde, foreiningslivet ligg nede, basarar kan ikkje haldast kyrkjeofringar er borte, misjonsmøte med misjonsgåve kan ikkje finna stad, generalforsamlinga og andre misjonsstemne vert avlyste.

Dette betyr ein inntektssvikt på langt på veg 2 millionar kroner kvar veke. Det er dramatisk! Samstundes veit me alle at desse manglande inntektene i stor grad finst på våre private kontoar. Ja, kanskje veks vår private økonomi no når mange av oss knapt kan gå ut og bruka pengar?

Kva kan me gjera for å berga NMS sin økonomi i desse krisetider? Jo, me kan kompensera for svikten ved å senda det me ville lagt i offerkorga på gudstenester og møte. Me kan gje det me ville teke lodd for på misjonsbasaren; ja, kanskje litt meir fordi me slepp kjøpa vinstar og bruka bil til basaren.

Nokre av oss ville brukt mange tusen kroner på generalforsamlinga i sommar. Dei pengane kan no vera med og berga NMS. Då går dei nemleg ikkje til hotell og reiser, men rett til misjonen!                                                              

Kjære misjonsvener! Miss ikkje motet! Ei krise gjev oss også høve til å tenkja nytt. Eg trur at når det gode signalet «faren over» når oss, kan NMS vera i stand til gå i felten for fullt. Og det fordi misjonsfolket vakna og tenkte nytt!

Me må ikkje stella oss slik at me må ta til frå botnen av. Det er ingen tent med. Nei, no er det tid for bøn og arbeid. Tenk misjon, og snakk misjon på telefonen med vener. Kanskje tida er inne for å verkeleggjera tanken om fast gjevarteneste til og personleg medlemskap i NMS?!                                                        

Til slutt vil eg oppmoda alle om å ha omsorg for kvarandre. Om me ikkje kan møtast fysisk og halda om kvarandre, kan me «sjå» og oppmuntra kvarandre via telefon og andre medium.

Kanskje blir me klokare og varmare gjennom denne rare tida? Me trur at det også etter denne kampen ventar ein «8. mai». Og den dagen vil me møta med glede og optimisme, og ikkje med skrapa misjonskasse og hengande hovud. «Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus.» (2.Tim. 1,7)

Varme misjonshelsingar frå

Herman Inge Aadland, styreleiar i NMS Region Bjørgvin