Vår tidlegare sokneprest Herman Inge Aadland vert å høyre i den populære songtimen på NRK 1. pinsedags morgon.

Det er programleiar Nils Abrahamsen som opplyser dette i ein telefon til fitjarposten.no. Han røpar at òg Osternes Mannskor vil vere med i programmet med songen «Høgt frå den himmelske klåra».

Litt moro vil det òg bli i det Herman Inge vil fortelje om då han og brørne, Berge og Lars Birger, for i skogen og kappsong. Gode stemmer hadde dei alle, ein arv etter far sin. Målet var å koma så høgt opp i skalaen som mogleg utan at stemma sprakk – og det var Ibsens «Sølvet» med Lammers sin melodi som fekk gjennomgå.

Herman Inge Aadland seier til fitjarposten.no at han sjølv er særs glad for at òg Osternes Mannskor vert med i programmet. Og kjenner me han rett, vert nok songane bundne saman på ein artig og god måte.