"Maud" seglar gjennom Langenuen i 3,5 knops fart. Foto Harald Johan Sandvik

100 år etter at Roald Amundsen seilte polarskuta Maud på ekspedisjon gjennom Nordaust-passasjen, var ho måndag å sjå i Sunnhordlandsbassenget.

Av: Harald Johan Sandvik

Litt før klokka åtte i kveld passerte polarskuta forbi Færøysund i Fitjar. Det var ingen armada av småbåtar som følgde den sjeldne gjesten, berre ein einsleg motorbåt tok imot slepet litt nord for Bårdsundet.

Men me vart likevel vitne til nok eit møte mellom gamal og ny tid. Slepebåten «Tandberg Polar» med «Maud» på slep høgt oppe på ein flåte, møtte Fjord1- ferja frå Sandvikvåg, og rett nord for Stokksneset låg supplybåten «North Pomor».

Maud var bygd i 1917, og hadde berre hatt 14 år i teneste då den sokk ved kysten av Canada i 1931. Den har lege på botnen i 86 år, og vart heva i fjor. Slepet har no vore undervegs i 46 dagar.

Endeleg mål er å kome i hamn i Asker 18. august, der det er planlegt å føre opp eit museum til ære for skuta.

I år er det 100 år sidan Maud segla for første gong, spesialbygd for Roald Amundsen sin ekspedisjon gjennom Nordaust-passasjen, med mål om å nå Nordpolen.

- Annonse -