Arkivbilete frå 17.mai 2018. Foto: Kjetil Rydland

Har du lurt på kvar årets 17.mai tog skal gå? Her får du svaret.

Som me alle veit er det eit stort anleggsarbeid i sentrum. Fitjar får ny miljøgate, og arbeidet vil gå føre seg i nokre månadar enno. Les alt om den nye miljøgata her.

Årets oppsamlingsstad vert ved Fitjar kultur- og idrettbygg, og det vert difor ikkje mogleg å parkera ved FKIB før etter kl.11.00.

Toget vil gå via helsekvartalet, bort forbi rema 1000 og opp Stølsvegen til Fitjar kyrkje.

Det fulle programmet for årets 17.mai feiring i Fitjar kan du lesa her.

Les ogso: Kraftlaget spanderer kino på nasjonaldagen

- Annonse -