Biskop Halvor Nordhaug var nyleg i Fitjar, ikkje for å visitera eller tala, men for å møta vener og oppleva den fagre Fitjarbygda.

Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu har sendt oss eit humørfyllt spøkjeri om at biskop Halvor Nordhaug kom på eit  «hemmeleg» besøk til Fitjar på fredag. -Både kyrkjeverje Harald Johan Sandvik og eg  visste om det på førehand, men sokneprest Olav J. Oma visste ikke om det i heile tatt!!, seier han frydefullt til fitjarposten.no
 
Saka var at Biskop Halvor Nordhaug var innom Fitjar etter eit møte med prestane i Sunnhordland prosti. Biskopen var òg i Fitjar for 6 år sidan, og synest at Fitjar er ein vakker plass. Fredag fekk han japansk middag hos Nobu, og han møtte òg sine gode vener Kari og Tom Rydland.
 
Biskopen er skikkeleg fascinert over Fitjarøyane, og har erfaring med å padle kajakk. Så at han dukkar opp igjen i Fitjar for å padle er slett ikkje utruleg.

-Dessverre skal han ikkje ha gudstjeneste i Fitjar no på søndag. Men han skal ha gudsteneste i Bremnes kyrkje på laurdag kl.17.00 og i Stord kyrkje på søndag kl.11.00, seier Nobu, seriøst, til slutt.