Frå Kautokeino sender Kristine Dalen ei helsing heim til alle heima på Fitjar. Kristine har hatt tre fine veker oppe i nord med masse jobbing på det nye hotellet der oppe.
– Eg har fått med meg midnattsol og sett masse, fortel ho.
Om folk vil besøka Kautokeino anbefalar Kristine ein tur på Julhs sølvsmie – eit fantastisk konstruert bygg der det er masse fint å sjå.
—
Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine opplevingar med oss andre.