Fitjar Helsestasjon markerte i dag at det er 100 år sidan Noreg fekk helsestasjon. I Fitjar har me hatt dette tilbodet i 65 år.

Spesielt invitert til markeringa var mellom anna ordførar Wenche Tislevoll, helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen, Borgny Vik frå Fitjar kvinne- og familielag, første helsesøster i Fitjar: Eldbjørg Isene Vik og ei barselgruppe med mødrer og barn.

Mødrene var ikkje berre nøgd over å få vere med på festen. Dei gav òg eintydig tilbakemelding på at dei er svært nøgd med helsestasjonen i Fitjar, både med opplegget og personalet. Ikkje minst roste dei leiande helsesøster Bjørg Kaldefoss Torvund. -Ho er berre heilt unik. Me kan ringja ho når som helst om mest kva som helst, let det mellom anna.

Borgny Vik kunne fortelja at det var Fitjar Husmorlag (no Fitjar kvinne- og familielag) som starta med spedbarnskontroll i Fitjar. Det skjedde i 1946 etter at det vart kjøpt inn vekt og babymål. Første styrar var jordmor Inger Halsteinsen.

Dei første åra var det berre Rimbareidkrinsen som fekk del i tilbodet, men i 1953 vart tilbodet utvida til å femne heile kommunen. Etter kvart vart det òg 100 prosent oppslutning om denne kontrollen.

1. oktober 1974 vart Eldbjørg Isene Vik tilsett som første helsesøster i Fitjar, og ho overtok då spedbarnskontrollen.

Saman med jordmor Annbjørg Stjern Tvedt fortalde ho historia vidare derifrå:

-Helsesøsterkontoret var i starten ved sida av legekontoret i Rådhuset på Fitjar, med felles venterom for sjuke og spedbarn som skulle til kontroll. Dette var langt ifrå ideelt, og våren 1982 flytta ein til nye lokale i Fitjar bedehus.

Her var helsestasjonen heilt til ein flytta til Havnahuset i februar 1999. Då hadde kommunen òg fått jordmor.

Det skjedde i 1999.