Fitjar Senterparti hadde besøk av lege og stortingsrepresentant Kjersti Toppe fredag ettermiddag.

Nestleiaren i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget kom frå Stord, der ho hadde møte med dei tilsette på sjukehuset om Samhandlingsreforma og andre aktuelle tema. Fredag ettermiddag var ho på Fitjar for å inspirera dei lokale toppkandidatane ved kommunestyrevalet, Lars Ove Rimmereid og Grete Marit Veka Maraas. Sistnemnde er helsefagarbeidar på Stord, og såleis på heimebane då stortingspolitikaren fekk orientering om helse- og omsorgsinstitusjonar i Fitjar. 

Møtet fann stad i den fine hagen utanfor Fitjar bu- og behandlingssenter. Gruppeleiar på institusjonen Kari Bjelland Vik viste rundt og fortalte om stoda i Fitjar. Utanfor sjukeheimen er det laga to fine hagar for å gi bebuarane gode opplevingar. Havnahagen blei laga til i 2003 med blomsterbed, grønsakkseng, urteseng frukttre og bærbuskar. Arbeidet med aktivitetshagen – den såkalla «sansehagen» – blei starta opp i fjor. Arbeidet i desse hagane er gjort på dugnad av personalet ved institusjonen, pårørande og nokre spreke pensjonistar i Fitjar. Demensforeningen Stord/Fitjar fekk midlar frå Norsk Rehab til prosjektet (frå spelet «Extra»). Målet med dette uteanlegget er å gjenkalla gode kjensler hos brukarane på institusjonen, seier Grete Marit Veka Maraas. Frisk luft, gode lukter, lydar og fine blomar gir gode stunder, og gjerne ein rolegare dag for dei som ikkje lenger kjem seg så langt.

Etter turen rundt sjukeheimen tok Kjersti Toppe seg tid til ein matbit på Café Annemor. Her fekk politisk interesserte høve til å koma med spørsmål og ymse helsepolitiske innspel. I morgon står Bergen og Nordhordland for tur for den engasjerte helsepolitikaren og legen, og over helga går ferda vidare til Sogn og Fjordane. Før valet reknar ho med å vera innom mange Hordalands-kommunar. Til liks med stortingspolitikarane frå andre parti ser ho fram til å stå på stand og hjelpa dei lokale parifellene sine fram til eit godt resultat.