Ny fasade: Neste veke startar oppgradering av fasaden på den såkalla K-blokka på Stord. Foto: Magne Kydland, Kommunikasjonssjef Helse Fonna

Helse Fonna har fått 13,5 millionar kroner til vedlikehald og utbetring av sjukehusbygg.

Helse Vest er tildelt 94 mill. kroner i ein tiltakspakke for vedlikehald og utbetring av sjukehusbygg.

– Midlane skal nyttast til tiltak som kjem i tillegg til ordinære planar om vedlikehald og utbetring i 2020. Tiltak med høg arbeidskraftinnsats som kan setjast i gang raskt skal prioriterast, heiter det i føresetnadene frå regjeringa.

Helse Fonna får 13,5 millionar kroner av tiltakspakken. Føresetnaden er at pengane skal brukast opp i løpet av 2020, noko som inneber at mange prosjekt alt er i gang, eller er rett om hjørna.

– Dei ekstraordinære midlane bidreg til at vi får oppgradert bygg utover det som vi alt hadde på budsjettet. Helse Fonna har ein stor bygningsmasse. Mange av bygga er gamle, og vi slit diverre med eit stort etterslep når det gjeld vedlikehald. Difor er dette kjærkomne midlar, seier direktør for internservice i Helse Fonna, Leif Terje Alvestad.

Vedlikehaldsmidlane kjem alle sjukehus til gode, men Odda, Valen og Stord er prioritert høgast i denne omgang, sidan Haugesund har sitt eige nybyggprosjekt.

Dei største prosjekta er rehabilitering av fasaden på K-blokka Stord sjukehus, skifte av gamle vindauga Stord sjukehus, rehabilitering av tak Stord sjukehus, rehabilitering av tak Nye Hordabu og Nye Valemoen, Valen og rehabilitering av tak rekkehus, Stord sjukehus.