Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna

Etter tre månader med strenge restriksjonar er det frå og med onsdag 10. juni igjen mogeleg å besøkja pasientar innlagde på sjukehus i Helse Fonna.

Men for å ivareta smittevern, og tryggleiken til pasientar og tilsette, er det ikkje fritt fram.

– Den enkelte sitt behov for besøk må vurderast opp mot risiko for smittespreiing og risikofaktorar hos den enkelte. Samstundes skal det oppretthaldast godt smittevern, heiter det i retningslinjene frå Helse Fonna.

Besøkstid og talet på besøkjande

Besøkstid er mellom klokka 16.00 og 17.30 alle dagar, og det er berre tillate med éin besøkjande per pasient. Er pasienten på einerom, kan besøket vara inntil éin time. På fleirsengsrom kan ein berre vera på besøk i opptil ein halv time.

– Besøkjande skal vera symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon kan ikkje komma på besøk. Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk, skriv Helse Fonna på sine nettsider.

Besøk ved føde/barsel og særskilte omstende

Frisk partner kan vera med på fødsel/keisarsnitt og på familierom på føde‐/barselavdeling.

– Det vert ogso opna opp for å kunna leggja til rette for utvida besøk, i særskilte omstende. Dette skal drøftast med lege, sjukepleier og leiar ved avdelinga. Aktuelle grupper er:

  • Barn under 18 år sine foreldre/føresette
  • Barn som pårørande til pasientar med lengre opphald
  • Pårørande/hjelpepersonale dersom det der nødvendig for å gjennomføra konsultasjonen (til dømes funksjonshemming)
  • Pasientar i siste fase av livet