Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna

Sjukehusa på Vestlandet tar smittevern på alvor og det er sett ned nye retningslinjer i samband med utbrotet av mutert koronavirus på Austlandet. Dei nye rutinane gjeld frå 24. januar.

Helse Fonna innfører tiltakt for både tilsette og pasientar. Tilsette som har vore på Austlandet i løpet av dei ti siste dagane må levera negativ test før retur til arbeid.

I tillegg skal både pasient og tilsette nytta munnbind i alle situasjonar der ein ikkje kan halde ein meter avstand.

Vil vurdera utsetjing av timen

Pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane, og for dei det gjeld vil ein setje inn ekstra tiltak for å hindre spreiing av smitte.

– For pasientar som skal til planlagd behandling vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg. Ein skal teste, om det er mogleg, og negativ test avsluttar utsetjinga, melder Helse Fonna.

– Innlagde pasientar som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom skal vere isolert og testast for Sars-cov2 smitte. Ved negativ test skal isolasjonen opphevas.