Ranveig Neset Enerstvedt (t.v.) og Magda-Lovise Tendal Steiro ved lunge post på Haugesund sjukehus. Foto Eirik Dankel

Helse Fonna går over i gul beredskap, og kjem med strenge retningsliner for besøk på sjukehusa.

Beredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok onsdag ettermiddag å endre beredskapsnivået frå grønt til gult. Tiltaket gjeld inntil vidare, og vert innført som følgje av den alvorlege smittesituasjonen i Nord-Rogaland og Sunnhordland. 

Talet på pasientar med covid-19 er høgare enn på lenge, og Helse Fonna førebur seg på å ta imot fleire i tida som kjem. I tillegg er svært mange medarbeidarar i koronarelatert fråvære.

Helse Fonna har denne veka redusert litt i talet på planlagde operasjonar, og det er oppretta kohortavdelingar både på Stord og Haugesund sjukehus. Dette gjer at ein er i stand til å ta imot, isolere og behandle fleire pasientar med mistenkt eller påvist covid-19-smitte.

Aktiviteten på poliklinikkane går som normalt, og det vert gjort løpande vurderingar på kirurgisk aktivitet.

Besøksreglar

Helse Fonna oppmodar om at det berre er følgjande grupper som har med seg partnar/følgjeperson, eller som mottar besøk: 

* Barn under 18 år

* Pasientar som er kritisk sjuke/døyande

* Fødande

* Pasientar som treng følgje for å kunne motta helsehjelp

Adm. dir. Olav Klausen understrekar at ein har stort fokus på smittevern, og at det er trygt for pasientar å komme til sjukehusa for behandling.

– Vi ber difor pasientar om å møte til oppsett tid, seier Klausen. 

Dette gjeld ikkje dersom ein er i karantene eller har mistanke om smitte med covid-19. Då må ein ta kontakt med sjukehuset.

– Det er viktig å sikre drift i sjukehus. Dersom ein smitta person kjem på besøk, kan det resultere i at mange medarbeidarar må i karantene, understrekar Klausen.

Utskrivingsklare pasientar

Onsdag er det fem pasientar med påvist Covid-19 innlagt i Helse Fonna. Alle ligg på Haugesund sjukehus. Tre pasientar får intensivbehandling. Ein av desse er under 18 år, dei to andre er i aldersgruppa 18-64 år.

99 medarbeidarar har koronarelatert fråvære.

Helse Fonna har ikkje hatt gul beredskap sidan første periode av pandemien i fjor vår. Det at ein går frå grøn til gul beredskap inneber at helseføretaket, som følgje av auka smittetrykk i området, set inn ekstraordinære tiltak, som kan føre til reduksjon i planlagt drift. Samstundes gjer ein tiltak for å redusere talet på personar som oppsøkjer sjukehusa.

Helse Fonna har gjennom heile pandemien hatt tett dialog og godt samarbeid med kommunane. Men Klausen har ei klar oppmoding til kommunane:

– I denne spente situasjonen er det særs viktig at kommunane kan ta imot utskrivingsklare pasientar, slik at vi har god nok kapasitet til å ta imot nye pasientar som kjem inn, seier Klausen.