Mange vender måtte til, men utruleg effektivt vart alle utvendige materialane til ei hytte på Fodno frakta ut med helikopter i går.

Det er Engevik og Tislevoll AS som skal byggje hytta for utbyggjaren, og Kjell Olav Nygård som har prosjektet fortel til fitjarposten.no at det måtte rundt 25 hiv til for å få ut all materialen.

– Oftast fraktar me hyttematerial med flåte, men her ligg tomta så høgt oppe at helikopterløysinga vart valt, legg han til.

Fraktinga var det Airlift AS med base i Kinsarvik som tok seg av.