På veg inn kyrkjeporten i føremiddag vart ein møtt av gravljos og vakker pynt på gravene. Det har blitt ein fin tradisjon å stelle ekstra rundt gravminna i høve allehelgensdag.

Alle som har mista nokon av sine kjære sidan november i fjor var spesielt inviterte til gudsteneste. Det var ei verdig markering då Hildegunn Aadland tente eit ljos for kvar person etter kvart som namna på dei avlidne vart lesne. Sorg og sakn kjem i fokus på ei slik minnestund, men også Guds ord om trøyst og hjelp til dei som sørgjer. Kyrkjelydsprest Nobu Imazu var liturg, og forkynnar Torgeir Lauvås tala over dagens tekst. Sorgen og gleden de vandrer tilhope, heiter det i ei gammal salme. Kyrkjelyden kunne blant anna gle seg over eit lite barn som vart døypt i dag.

Etter gudstenesta inviterte Diakoninemnda til middag på Fitjar bedehus med karamellpudding til dessert og kaffe og kaker. Vakker song ved Silje Devik, opplesing og framvising av bilete på storskjerm stod og på programmet.