Kundar som vitjar SIM sin miljøsentral i Svartasmoget, vil frå 1. oktober møta på Helge Sæterbø. 54-åringen frå Fitjar er tilsett som ny kundehandsamar. Det var 16 søkjarar til stillinga.

I tillegg til å rettleia kundane på miljøsentralen, skal Sæterbø ha ansvar for vedlikehald av SIM sine hyttekonteinerar i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, melder Torleif Agdestein i SIM.