Det veljende musikk-radarparet Helge Nilsen og Rune Larsen kjem til Fitjar med showet "Save the last dance" 13. september, eit nostalgisk gjenhør med musikken på "Striledansane".

"The Stringers" med Rune Larsen, Helge Nilsen, Arne "Pluggen" Brakstad og Svein Arne Amundsen var store i vestlandsk beat/pop/rock-samanheng på -60-talet. Etter at dei vann Vestlandsmeisterskapen i pop i 1965, vart det både plateinnspelingar, turnear, TV-program – og striledansar. Det var det siste dei livnærte seg av. Ofte fekk dei 600 kroner i samla honorar for ein dans. Det var godt betalt på 1960-talet.

Seinare har Helge og Rune heldt det gåande i mange samanhengar, og blitt velkjende gjennom det. Men denne gongen har dei òg henta dei gamle spelekameratane sine "ut av glemselen", og ønskjer med "Save the last dance" å gje ei hylling til alle samfunnshusa som opna dørene for "ambisiøse popmusikere som ikke fikk spille verken på "Kjøpmannen" eller  "Håndtverkeren" i Bergen".

-Vi hadde lyst til å gå tilbake til røtene og gjenskape musikken frå den gongen, seier Helge Nilsen i ei pressemelding.
-Men for å gjere det så autentisk som mogleg, måtte vi ha med nokon av "stjernene" frå den gongen, forset han, og opplyser at han har lukkast å få med seg begge dei to gamle bandkameratene sine, i tillegg til Rune og han sjølv, som slett ikkje var nokre mindre "stjerner".

Då "Save the last dance" gjorde ei prøveførestilling i Øygarden i februar, var det utselt fleire dagar før premieren. Tilbakemeldingane var så klare at dei gav meirsmak, og no er dei i gang med ein turne på 11 konsertar, med premiere i Fjell Kulturhus 30. august. Til Fitjar kjem dei, som nemt, 13. september.

Dei har òg med seg Jannecke Nielsen og Linda Eikeland, to svært dyktige songarar, som bring songar av Dolly Parton, Shanaia Twain og Abba inn i programmet, "for å balansere Elvis, Cliff og Tom Jones".