Helge Jordal øvar i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: privat

Konserten blei avlyst i mars – no forsøker Fitjar Kammerkor seg på nytt.

– Dette er folk som er glade i musikk, og dei er fantastiske musikarar. Difor elskar eg å vera i lag med dei, seier Helge Jordal til Fitjarposten i forkant av øvinga i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag kveld.

Han skal delta som gjesteartist når Gjertruds Sigøynerorkester kjem til Fitjar på fredag. Konserten med Fitjar kammerkor, sigøynerorkesteret og Helge Jordal skulle eigentleg arrangerast i mars, men då koronapandemien var eit faktum måtte konserten leggast på is. Å avlysa var aldri eit alternativ.

– Me håpar at denne forrykande flotte konserten kan vera eit uforgløymeleg kulturhøgdepunkt midt i denne litt dystre kvardagen som kulturlivet no er midt oppe i, sa Jorunn Hernes til Fitjarposten i starten av oktober.

Har følgt dei tett

Den folkekjære skodespelaren frå Bergen seier han har følgt sigøynerorkesteret tett lenge.

– Eg har følgt dei i alle år, og eg har alltid høyrt på dei. Dei spelar den flottaste og mest livsbejaande musikken du kan tenka eg.

– Kva skal du bidra med?

– No skal me setja saman konserten, og eg går ut i frå at dette blir avklart no.

Helge Jordal saman me Gjertruds Sigøynerorkester. Foto: Gjertruds Sigøynerorkester

For alle som er glade i musikk

Han oppmodar alle fitjarbuar til å ta turen til konserten.

– Viss folk er glade i musikk så må dei koma, for dette kan bli fint. Det er nokre veldig dyktige musikarar som spelar. Dei er sju stykk og tener aldri pengar på dette, seier Jordal.

74-åringen er ofte på farten, og har vore i Sunnhordland fleire gonger dei siste åra. For eit par år sidan deltok han som skodespelar i skrekkfilmen Allodium, regissert av Severin Eskeland frå Stord.

– Eg er kulturarbeidar i Norge, og det er vitkigare enn nokon gong å slåss for kulturen, for me lever i ei tid der styresmaktene ikkje er så flinke til å seia kva me vil med kulturen. Det er viktig å backe opp folk som er framtida og som står for kvalitet i dette landet. Dei finn du ikkje nødvendigvis på Torgalmenningen.

– Du har ingen planar om å pensjonera deg?

– Eg lever jo av dette, eg kan jo ikkje berre setja meg ned. Eg er kulturarbeidar, så det er berre å halda på. For Norge er ingen kulturnasjonl, og me må slåss for den kulturen me har, for ellers forsvinn kulturen i utviklinga som går. Då gløymer ein kva landet er bygd på, seier Jordal.

Det er framleis billettar att til kveldens konsert, som startar klokka 19.