Ved ei samkome på Rimbareid skule i dag fekk Helene oppfylt draumen sin. Ho skal saman med ei veninne på «fotoshoot» hos ein fotograf på Stord. Takka vere MOT programmet.  Bilete: Alle er glade for at Helene sin draum vert realisert. Helene mellom rektor Bjørn Haaland og skulesjef John Karten Raunholm.

MOT programmet byrjar no å bli godt innarbeid ved Rimbareid skule. Det handlar om å utvikle robuste ungdomar som bygger på MOT verdiane:

MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei.

MOT handlar også om å realisera draumar, og i samband med ei MOT samling i vinter fekk ungdomane på 9. trinnet høve til å skriva ned kva draumar dei hadde. Og ein av dei fekk oppfylt draumen sin gjennom MOT sitt draumefond. Det var Helene. 

Det fortel MOT leiar og skulesjef i Fijar kommune, John Karsten Raunholm, til fitjarposten.no.