Tori Torbjørnsen i svev. Her over 1,17 i høgde. Foto: privat

Friidrettsgruppa til Fitjar Idrettslag var svært glade for å koma i gong att med sitt første treningsstemne for årets.

Sonja Pedersen, som nyleg vart hylla for sitt arbeid i FIL, fortel at det var 14 stykk mellom 9 og 18 år på årets første treningsstemne som vart arrangert på idrettsbanen.

Blide kulekastarar. Foto: privat

– Det var veldig god å vera i gong att, og det strålande vêret gjorde ikkje den gode stemninga dårlegare, fortel Pedersen.

Ho skryter av god stemning mellom deltakarane.

– Det er godt å sjå at dei kan knivast i løypene utan at det fører til dårleg stemning mellom greinene.

T.v. gutane klare til start. T.h Sunniva Wiik og Guro Dalen i spurten på 600-meter. Foto: privat

Deltakarane fekk bryna seg på blant anna høgde, kulekast og 600-meter.

Me takkar for friidrettsgruppa for kjekke bilete, og ynskjer dei ein god sesong vidare.