A-laget til Fitjar vann ein heldig siger mot hardt kjempande Trott laurdag ettermiddag.

Kampen opna godt for Fitjar, allereie etter eitt minutt fekk me sjå ein fin dobbelsjanse for heimelaget. Men deretter blei det mykje Trott i den kjølige nordavindstrekken på grasbanen. Me noterte ikkje fleire store Fitjar-sjansar før pause, medan Trott kom til fleire fine tilbod i den relativt jamspelte førsteomgangen.

I andre omgang tok Trott heilt over, og pressa Fitjar over på defensiven. Med hardt og kontant spel let dei knapt Fitjar få låna ballen. Gjestene var først på ballen, og gav aldri Fitjar-spelarane tid til å få i gang pasningspelet sitt. Trott sette fart, og heimelaget hadde meir enn nok med å rydda unna det eine Trott-angrepet etter det andre.

Så gjekk det slik som det ofte gjer når det eine laget pressar og pressar utan å få hol på byllen. Vel eit kvarter før slutt kom Fitjar på ei sjeldan kontring og hadde mykje folk inne i «boksen». Mats Brakedal slo hardt inn framfor mål frå kanten av 16-meteren, og ein hardt pressa Trott-forsvarar var sistemann på ballen før den gjekk i mål.

Scoringa blei ei vitamininnsprøyting for heimelaget, og det siste kvarteret fekk me sjå fleire opne sjansar til begge lag. Men den harde kampen enda med ein heldig 1-0-siger til Fitjar, etter at både Leif André Tangen og Jan Åge Tislevoll pådrog seg gult kort i dei hektiske sluttminuttane.

Det var ein skuffa Trott-trenar, Leif Dikki Steensohn, me snakka med etter kampen. – Det er fortvilande å møta så mykje motgang, seier han, men slik er fotball. Og det er ikkje vanskeleg å vera einig. Trott har spela uavgjort mot fire av dei beste laga i puljen, og tap mot Fitjar i ein kamp dei dominerte i store delar, må vera frustrerande.

Fitjar-trenar Kjell Træet på si side var desto meir fornøgd med resultatet i dagens kamp. – Det går ikkje akkurat på skinner for oss for tida, seier han, men denne sigeren var viktig! No er me framleis heilt i toppen, i ein pulje der sju lag er omtrent jamgode!

Framover på banen var spelet til Fitjar i dag uvanleg upresist. Førstetouchen svikta altfor ofte, og det same gjorde pasningane. Før heimelaget sine spelarar fekk spelt ballen vidare, kom det nesten alltid eit Trott-bein i vegen. I fråvær av goalgetter Thomas Vestbøstad Waage er Fitjar avhengige av å halda nullen bakover, og det klarte dei altså med eit nødskrik i dag. Dei kan takka eit hardt kjempande forsvar for poenga, og det var ikkje ufortent at midtstoppar Martin H. Vestbøstad blei utropt til dagens Fitjar-spelar.

Etter tre poeng i dag ligg Fitjar på andreplass i 5. divisjon avd. 01 med same poengsum som Vestsiden-Askøy. Sistnemnde har vunne dei siste kampane sine, og ser ut til å bli ein farleg opprykksrival.