Rolf Vik og Sonja Pedersen registrerer resultat. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar Idrettslag nådde eit bra resultat for idrettsmerke i 2014 etter hektisk aktivitet på årets siste dag.

Heller ikkje i fjor hadde fitjarbuen lært å vera ute i god tid med å få unna prøvane til idrettsmerket.

Derfor var det mange som mangla ei eller to øving då timeglaset heldt på å renna ut i går ettermiddag.

Men eldsjelene i Fitjar Idrettslag går ikkje trøytte, og stilte velvillig opp for å hjelpa spreke fitjarbuar over det siste hinderet.

I løpet av nyårsafta var heile 25 sprekingar på idrettsbanen i Fitjar Idrettspark og klarte idrettsmerket.

Fitjar IL kom opp i 56 godkjende idrettsmerke i fjor, mot 73 året før. Dermed kan me konstatera ein viss nedgang frå dei gullkanta sesongane for nokre år sidan.

Kanskje det er lurt å koma tidlegare i gang? Så vidt me skjønar, står det ikkje på eldsjelene som arrangerer merkeprøvar rett som det er.

Det står vel meir på alle oss andre, som ikkje rir den dagen me salar …

Oversikta over godkjende idrettsmerke i Fitjar IL 2014 kan du lesa på heimesida til idrettslaget her.

Finn Ingvar Havnerås smiler lurt etter kvart som resultata tikkar inn. Foto: Kjetil Rydland.

 

achat anabolisant