Heldige med vêret var dei, bøndene som hadde venta med håslåtten til det skein opp denne veka.

Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves, gjeld dessverre ikkje alltid. Men for bøndene i Fitjar gjeld det i dag. Dei siste to dagane har dei gått laus med alt dei har av skarpe knivar i slåmaskinar, forhaustarar og anna utstyr for å berga graset medan sola smiler til dei.

Hos storfebøndene på Rydland er det sju veker sidan dei stod midt oppe i førsteslåtten, så andreslått denne veka er heilt «etter boka». Som me ser på biletet skyt graset, og er såleis modent for innhausting. Etter det me kan sjå, er det ikkje ovmykje gras, noko pensjonist og mekanikar Lars J. Rydland seier seg samd i. Men brukbart ser det ut, og dessutan er dei ikkje så urolege for mengdene, for førsteslåtten var bra, og dei har ganske mykje silofôr att frå i fjor.

Då sola gjekk ned i vest torsdag kveld, var slåmaskinar, forhaustarar og andre reiskapar i full aktivitet både i Ovbygdo og i Nedbygdo. Det er gunstig for kvaliteten på foret å få graset inn i det gode vêret. Og laurdag er det meldt regn igjen …


Her ser me at graset på Rydland er modent for dei skarpe knivane til Gaute Aarbø. Foto: Kjetil Rydland. 


Når minst to avlessarvogner skal gå i skytteltrafikk mellom finsnittaren på bakken på Årbø og plansiloen på Rydland, er det viktig å ha ein mekanikar klar til å reparera etter kvart som det dukkar opp tekniske vanskar. Stans i produksjonen har dei ikkje råd til no når vêret er så lagleg. Foto: Kjetil Rydland.