Desse små dundottane spankulerte rundt på skjeret i Havn i førre veke. Snart blir dei til skrikande måsar ... Foto: Kjetil Rydland.

Det kan sjå ut som om hekken på «Trine» var ein god stad å hekka, for dei to måseungane har kome seg ut i verda.

I slutten av mai skreiv me om gråmåsen som hekka om bord på motorseglaren Trine i Havn. Dette rser ut til å ha blitt ein suksess for sinte gråmåsar.

Førre søndag kom to små måseungar til verda, og nokre dagar seinare såg med dei to yndige dundottane spankulera rundt på skjeret.

Dermed ser dette ut til å enda som ei lukkeleg soge, for måsefamilien. Verre er det med ternene som para seg på det same skjeret midt i juni. Dei har me ikkje sett meir til.

Den eine måseungen har kome til verda, og den andre bankar på døra. Foto: Kjetil -Rydland.
- Annonse -