Fem gåsungar legg på svøm rett nord for Stongardsbekken i Storavatnet. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar har blitt velsigna med store flokkar grågås, som blir her heile sommaren, i staden for å fyka lenger nord for å hekka.

Det er ikkje noko særsyn at grågåsa hekkar langs kysten heilt sør til Rogaland, sjølv om me helst har vore vane med å sjå dei store plogane på veg nordover mot Trøndelag.

Gåsungane klarer seg godt i bølgjene saman med mor og far. Foto: Kjetil Rydland.

Men dei siste åra har det blitt ei endring på dette. Store flokkar grågås har beita i Skålavikjo og fleire stader oppe i Bygdo frå ettervinteren og heile sommaren. I fjor såg me fleire kull med gåsungar ved Storavatnet, og ifølgje uoffisielle meldingar har grågåsa kome godt i gang med hekkinga i år òg.

No kan me slå fast at det er offisielt. I søre enden av Storavatnet bur ein flokk på rundt 30 grågås, og i dag fekk me sjå at eitt av para la ut på vatnet med fem svært så symjedyktige gåsungar.

Den store gåseflokken ser ut til å pendla mellom Storavatnet og bakkane til Kala; dei beitar i stor stil ved sigledabmen, sør for Årbøbakka. Og av og til kastar dei seg på vengjene og flyttar seg ned til Storavatnet.

Det er eit flott syn å sjå dei store fuglane ta av. Foto: Kjetil Rydland.
Her er det mykje godt kjøt i lufta; ei gås veg gjerne rundt 10 kg, men no er det ikkje lov å jakta på dei. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -