Det er leiaren i Hovstad og Helland Normisjon, Ellen Helland, som seier dette etter misjonsmessa på Øvrebygda skule laurdag ettermiddag.

Og visst har dei grunn til å vera fornøgde, misjonskvinnene i Øvrebygda, etter å ha fylt gymsalen på skulen til siste plass under den tradisjonelle misjonsmessa. I fjor var dei på bedehuset, men då sat folk så trongt at dei truga med at dei ikkje ville komma tilbake neste gong, fortel Ellen. Derfor flytta dei messa til gymsalen i år, og det angrar dei ikkje på. Ovbygdingar og andre fylte salen til siste stol. Ellen meiner at det må ha vore rundt 150 menneske til stades; for oss såg det ut til å vera endå fleire, med smått og stort.

For dei som hadde lyst å kjøpa fine, små julegåver var her mykje å velja i. Misjonskvinnene hadde laga vottar, gryteklutar, løparar og andre dukar i ymse fargar og fasongar. Vidare kunne ein kjøpa gamle Norgeglas, stjerner og annan julepynt. Andre flotte gåver kunne ein vinna ved å kjøpa lodd på bok eller årar, som gjekk som varmt kveitebrød. Også desse gevinstane – planter, kaffi, bøker, lys, sengklede og pyntegjenstandar – hadde misjonskvinnene skaffa til vegar sjølve. Til dei flottaste gevinstane – ein flott skopussekasse og ei vogge i tre – hadde dei fått god hjelp av Erling Sandvik.

Før trekninga heldt Håkon C. Hartvedt andakt, der han song den norske versjonen av Kenny Rogers sin låt «The greatest gift of all». Sjølve trekninga blei leia av Marit Tislavoll, med god hjelp av Turid Sandvik på PC. Inntekta frå messa går til å støtta eit sjukehusprosjekt i Okhaldunga i Nepal. Pengane går via eit pasientstøttefond, slik at dei som ikkje råd til å komma seg på sjukehus for eigne pengar, kan få behandling. Det viste seg at det kom inn rundt 40 000 kroner på messa, noko misjonskvinnene altså seier seg «heise fornøgde» med.