I dag ha Fitjar Skyttarlag skipa lagmeisterskap i feltskyting med favorittsigrar til Nils K. Rydland i klasse V65 og Heine Haktorson i jegerklassen.

Gråvêret laurdag ettermiddag hindra ikkje åtte ivrige Fitjar-jegerar i å møta opp til lagmeisterskap i Risdalen på Rydland. Dei som deltok i stemnet, har no gjennomført dei 30 obligatoriske treningsskota som dei må ha for å gå opp til skyteprøven for hjortejakta.

I klassen V65 var Nils K. Rydland einaste deltakar, men han hadde hevda seg godt også i jegerklassen. Av 30 skot hadde han 28 treff, av desse 21 innertreff. Lagmeister i jegerklassen blei ikkje uventa Heine Haktorson, med 30 treff på 30 skot. Av desse var 22 innertreff.

Resultatlista i jegerklassen:

1. Heine Haktorson         30/22
2. Odd Jarle Tislevoll      29/11
3. Karl André Rydland    29/9
4. Tore Sigurd Fitjar       28/11
5. Gaute Aarbø              26/6
6. Randi Beate Rydland  24/7
7. Lars J. Rydland          13/3

Karl André Rydland fortel til fitjarposten.no at dei er vel nøgde med avviklinga av stemnet trass gråvêret. Like viktig som prestisjen til vinnarane er at alle deltakarane er klare for skyteprøven til jakta.