15. mai vedtok formannskapet i Fitjar å styrkja heimesjukepleia og spesialundervisninga i barnehage og skule.

Heimesjukepleia vert styrkja med ei stilling som sjukepleiar og i tillegg seks turnusstillingar som til saman gjev 1,56 stilling.

Grunngjevinga for å styrka heimesjukepleia er auka hjelpebehov. I tillegg er grunnbemanninga for låg etter fleire nedskjeringar dei siste åra. Med dette skal brukarane av heimetenester få eit betre tilbod, samt at dei tilsette får ein litt lettare kvardag, heiter det på Fitjar kommune si eiga heimeside.

Spesialundervisninga i barnehage og skule vert også styrkja. Her vert det oppretta 1,32 lærararstilling og 0,4 spesialpedagogstilling. Dette vil gje alle som er tildelt spesialundervisning tilbod om dette, i samsvar med Opplæringslova.

Fitjar kommune er glad for å kunna imøtekoma krav om auka spesialundervisning i skule og barnehage for skule- og barnehageåret 2007/2008.