Fitjar jenter 2000/2001 etter 4-1 sigeren over Vedavågen. Foto: Helga Rimmereid 

Fitjar sine fotballjenter som spelar i 15 års-klassen verkar uslåelege denne sesongen og kom heim frå Vedavågen seint tysdag kveld med ein hardt tilkjempa 4-1 siger i bagasjen. 

Dette er den andre sesongen desse to årsklassane spelar saman og dei tek til å verta godt samspelte. Ei ekstra utfordring har dei i at dei må spela i 15-årsklassen sjølv om over halve laget er eit år yngre. Men at dei er underlegne i alder ser ikkje ut til å vera til hinder for denne gjengen, og dei har så langt i sesongen vunne alle sine kampar. Det er og verd å merka seg at denne gjengen vann pulja si i fjor og kom på ein god bronseplass i kretsen.

Kampen på Vedavågen starta labert. Spelarane verka trøtte og daffe og såg ut til å setta si lit til at andre enn dei sjølv skulle gjera jobben. Med same manglande spel på motstandarlaget vart det mykje «ping-pong»-fotball i første omgang. Sist desse laga møttes var på Fitjar og som heimelag knuste Fitjarjentene den gong motstandarane 9-1, og det kunne verka som Fitjar ikkje var førebudd på motstanden dei fekk denne kvelden. Vedavågjentene tok seg godt opp utover første omgang og scora velfortent det første målet framfor eit måpande Fitjar-lag som fortsatte med ping-pong og klynge-spel. Mot slutten av omgangen resulterte klyngespel framfor mål nærast uventa scoring, og med 1-1 stilling til pause hadde begge lag eit godt utgangspunkt for å hevda seg. 

Stor glede då dei utlikna til 1-1 mot slutten av første omgang. Foto: Helga Rimmereid

Etter ein pause-peptalk med trenarane Karsten Vestbøstad og Terje Nordbustad var det eit heilt anna Fitjar-lag som entra banen i andre omgang. Litt forsiktige i starten men etter eit nytt mål kom pågangsmotet fram, det vart initativ, godt samarbeid, godt spel, gode angrep og godt arbeid både i forsvar og hos keeper. Hadde det ikkje vore for særdeles godt keeperarbeid på den andre banehalvdelen hadde dei fått endå fleire mål ein dei tre dei scora i andre omgang. 

Godt arbeid både av angrepsspelarane til Fitjar og keeperen til Vedavågen. Foto: Helga Rimmereid

Heimejentene ytte god motstand men klarde aldri koma forbi Fitjar sitt forsvar og Fitjar sin keeper i andre omgang og det var vel fortent at Fitjarjentene reiste heim med 4-1 siger i bagasjen. Ein heimtur som for øvrig vart lang på grunn av diverse vegarbeid og koloneeventing i trekantsamabandet.

Sigersdans. Foto: Helga Rimmereid

Etter denne kampen ligg Fitjarjentene øverst på tabellen i 2. divisjon i sin avdeling med heile 18 poeng. Bak dei kjem Stord 1 med berre 9 poeng, men ein må merka seg at Stord berre har spelt 4 kampar enno. Fitjar har spelt 6 kampar, vunne alle, fått totalt 33 mål og berre sluppe inn 6 mål. Det er ikkje rart at både spelarar, føresette, trenarar og oppmann er stolte!