Gisle Aarbø og Jonas Koløen Lønning kom heim frå Vikedal i kveld med kvar sine to pokalar, utan heilklaff i helga.

Best av fitjarbuane gjorde Jonas det. I klubbløpet laurdag kvalifiserte han seg til B-finalen, og fekk til slutt ein 11.-plass totalt. Men han kom ikkje i gang i B-finalen, for gassen hengte seg opp, og då valde han å «stå av». I søndagens runde i vestlandsmeisterskapen i bilcross, klarte Jonas ein 12.-plass totalt, etter 2. plass i C-finalen. Jonas fortel at bilen heng betre svingane no enn i første runde, i Bergen.

Gisle hadde meir problem med bilen sin denne helga. I klubbløpet laurdag begynte han å få problem med toppen, og måtte bryta C-finalen. Og problema heldt fram i dag, slik at han heller ikkje kom i mål i dagens C-finale. Dermed måtte han nøya seg med pokal for 15. og nest siste plass.

Håvard Helland måtte venda heim utan ein einaste pokal; han nådde ikkje heilt opp i rallycrossklassen denne gongen. Dessverre var han plaga med rattrust, etter at han ikkje har kjørt løp på to år. Men til gjengjeld får han mykje ros for å ha hjelpt til som mekanikar i helga, saman med Terje Heggøy og Nils Arve Helland.

Neste løp i Vikedal er 11.-12 juni. Då reknar Ole Vidar Helland med at Fitjar Racing Team har med fleire bilar. Nærmare informasjon finn du på heimesida til NMK Vikedal.