Tekniske vanskar og dramatiske kollisjonar hindra ikkje førarane frå Fitjar Racing Team i å vinna fleire pokalar i Vikedal i helga.

15-åringen Jonas Heggøy seier seg godt fornøgd med debuten i bilcross junior. Han er så ung at han kunne berre delta i klubbløpet, som gjekk av stabelen laurdag. Han kvalifiserte seg for B-finalen, men her fekk han full stopp då ein bensinslange losna, og han kom ikkje til mål. – Men ein 9.-plass totalt av 21 startande i klassen, har Jonas all grunn til å vera fornøgd med, meiner Ole Vidar Helland i Fitjar Racing Team.

Håvard Helland gjorde det noko betre, men også han fekk tekniske vanskar under vegs. Han vann B-finalen og kom seg såleis til A-finalen. Her måtte han nøya seg med 5.-plassen etter å ha hatt problem med bremsane. Dermed var det vanskeleg å kjøra fort inn i svingane. Men alt i alt er Håvard godt fornøgd med innsatsen i helga. Og den nye «verstingmotoren» svarte til forventningane. Han kjente godt at der var meir krefter i situasjonar der han før ikkje hadde meir å henta. Derfor ser han optimistisk på framtida, men no må han først få bremsane i orden igjen, og nye delar er allereie på veg.

Ikkje uventa var det Gisle Aarbø som gjorde det best av Fitjar-racerane. Men heller ikkje han slapp unna tekniske vanskar. I gårsdagens klubbløp mangla han kjøling i første kvalifiseringsheatet, og enda på 3.-plass. Det neste heatet vann han, men i det 3. heatet slitna clutch-wiren, og dermed var dagen slutt for Gisle. Og søndagens VM-runde starta heller ikkje så altfor godt. I første heatet blei han påkjørt og måtte bryta. Han leia heatet sitt ut av første sving, men så kom ein av dei andre bilane rullande over panseret hans. Ein relativt spesiell og dramatisk situasjon, som gjorde at Gisle måtte bryta. Og det blei ein god del banking for støtteapparatet før han kunne stilla på startstreken igjen. Men han vann både 2. og 3. kvalifiseringsheat, etter taktisk fin og rydding kjøring. Dermed kom han seg greitt til A-finalen, der han starta i 5. spor. Og kom inn på 5.-plass.

– Eit godt resultat ei helg med mange tekniske utfordringar, seier ein fornøgd Gisle til Fitjarposten.