Paul Vik og Jonas Koløen Lønning kom heim frå Egersund med kvar sin pokal etter god køyring i dag.

Førstnemnde hadde vunne tre rundar på rad i vestlandsmeisterskapen før dagens løp på Egersund Motorsportsenter. Denne gongen måtte han nøya seg med andreplassen, bak Lars Reidar Frøyland.

Paul fortel at det var vått i dei innleiande rundane, men til finalen i dag hadde banen tørka opp. I den første runden fekk han seg ein kraftig trøkk, men elles gjekk det rimeleg greitt.

Med dagens resultat ligg Paul framleis i teten samnlagt, men han reknar ikkje med at VM-tittelen blir avgjort før etter siste runden. Neste løp for rallycrossføraren frå Vik blir i Bergen 5. september. Og avgjerda fell truleg i Vikedal 20. september.

For bilcrossføraren Jonas Koløen Lønning blei det ei god helg i Egersund. Etter dei innleiande rundane var han kvalifisert for B-finalen, der han blei nummer to. Dermed blei det A-finale, og her kjørte han inn til ein fjerdeplass. Dette er den beste innsatsen for Jonas på lang tid, så han har all grunn til å vera fornøgd med helga.