Rebekka Polden Hellesund og Marte Søreide Nordvang er komne heilskinna heim att frå draumeturen til det sørlege Afrika.

Til stor glede for familiane på Fitjar sette dei to jentene foten på norsk jord for snart to veker sidan, 3. desember. Turen var ikkje heilt utan dramatikk, men dei var eigentleg ikkje ute for noko farleg, fortel dei. Bortsett frå den faren dei utsette seg for sjølve då dei hoppa i strikk i Victoria Falls, på grensa mellom Zimbabwe og Zambia.

– Eg var ikkje heilt klar over kva det var før det var for seint, fortel Marte. Dei stod ute på kanten av klippa knytte fast i ein strikk då dei brått blei kasta utfor. Det var eit såkalla tandem swing, eit strikkhopp ut frå ei klippe vel 100 meter over vatnet. Dei stoppa ikkje før dei dingla fram og tilbake vel 20 meter over vassflata. Derfrå kunne dei sjå krokodillane nede i vatnet, relativt dramatisk, etter det me forstår. – Dette er ei kjensle du må prøva for å forstå, seier jentene, som skalv godt då dei blei heiste opp att på klippa. – Før du hoppar, må du skriva frå deg livet ditt, seier Rebekka. Arrangøren tar ikkje ansvaret, så du må skriva under på at du eller dine pårørande ikkje skal saksøkja dei etterpå dersom noko går gale. Ingen fortalte på førehand at strikken rauk for ei jente for få år sidan, men som ved eit under overlevde ho hoppet.

Marte vedgår at ho ikkje forklarte mora på førehand kva dette gjekk ut på. Og det var kanskje like greitt, for ho hadde nok ikkje blitt så glad. Jentene fortel at dei har hatt god kontakt med familiane sine under turen, via Facebook og Skype. Det var internett over alt der Rebekka og Marte var, etter det me forstår, men det var stort sett dårlegare enn dei er vane med heimanfrå. Spesielt ille var det i Namibia dersom det ikkje hadde vore nok sol. Det er nemleg solcellepanel som dreiv systemet.

Det var her jentene starta Afrika-opphaldet sitt, i Gobabis, på Noah’s Ark, eit prosjekt for skadde og mishandla dyr. Rebekka fortel ei rørande historie om ein bavianbaby som trudde ho var mor hans. Dei køyrde i timevis til hovudstaden Windhoek for å henta den forlatne babyen på rundt to månader. Før dei køyrde tilbake – babyen skulle sitja på fanget til Rebekka – måtte han få bleie på seg. Og så fekk den underernærte bavianbabyen  morsmjølkerstatning av Rebekka, så det var ikkje rart han trudde ho var mor hans …

På Noah’s Ark er det elles gepardar, løver, gribbar og andre dyr som treng omsorg frå menneske. Jentene budde i ei stråhytte, men standarden innvendig var høgare enn dei hadde tenkt seg før dei kom, med ei heilt vanleg seng. Utedoen var eit vassklosett i eit skur som stod midt ute i sanden!

Jentene våre var ikkje utsette for dramatiske episodar her, men fortel at dei måtte vera litt forsiktige med hobavianane. Dei har lett for å bli sjalu på unge jenter, og då blir dei sure. Til liks med dei andre dyra har dei stor respekt for dei mørkhuda buskmennene som arbeider her. Dei ordna opp i dei krevjande situasjonane, etter det me forstår. Arbeidet for Rebekka og Marte gjekk for det meste ut på ”food prep” – å laga til mat for dyra – å kutta opp kjøt og grønsaker.

Etter tre veker på garden for problemdyr gjekk ferda vidare til Cape Town, men turen i The Cable Car måtte gjerast så kort som mogeleg, for Marte hadde fått matforgifting av ei lokal pølse. – Men me kan seia at me har vore der! seier Rebekka. Litt dykking fekk dei med seg, så dei fekk sjå kvithaien på nært hald. Og ikkje minst vinsmaking. – I Sør-Afrika spyttar dei ikkje ut vinen under vinsmakinga, så det blei etter kvart ganske god stemning, seier Rebekka. I Cape Town fekk dei også med seg konsert med Rihanna på eit fullsett fotballstadion som me hugsar frå VM i 2010. Mykje god stemning med dans, men vuvuzelaen – den støyande plastfløyta som sette sitt preg på fotball-VM – høyrde dei ikkje noko til …

Elles merka dei godt at dei var i heimlandet til Nelson Mandela. Som kjent er det berre 12 km frå Cape Town ut til den kjente – og berykta – fangeøya Robben Island. Jentene fekk med seg utstillingar og filmar med talar av Nelson Mandela. Alt for å heidra den store statsmannen. – Det merkast godt at han har vore der, seier Rebekka.

Jentene likte seg best på det siste prosjektet, Kids & Lions i Gweru i Zimbabwe, der dei var frå 21. oktober til 2. desember. Dette er eit prosjekt som blir finansiert av frivillige, som nettopp Marte og Rebekka. Her arbeidde dei på eit drop in-senter for heimlause ungar. Hit kjem ungar i alderen 8-18 år – for det meste gutar – innom nokre timar om dagen for å eta seg mette og få litt grunnleggjande opplæring i engelsk og matematikk. Senteret er ope 3-4 timar for dagen, fem dagar i veka. Resten av tida må ungane klara seg sjølve. Dette er ungar som søv ute på gata om natta, på eit pappstykke og gjerne med ein genser rundt seg. Anten har dei ikkje foreldre, eller dei har rømt heimefrå av ulike grunnar. Senteret oppmodar dei som har foreldre om å reisa heim og prøva å leva der i staden for å bli verande på gata og bli avhengige av kriminalitet for å overleva.

På Noah’s Ark såg dei òg til løveungar som ikkje klarer seg sjølve. ”Lion wlks” går ut på å gå tur utanfor innhegninga med desse løveungane. Dei vil aldri bli skikkelege villøver, for dei har vent seg til menneske og vil alltid oppsøkja dei for mat. Men planen er at ungane til løvene på Noah’s Ark ikkje skal komma i kontakt med folk. Slik at dei kan klara seg i villmarka og vera med og styrkja den truga stamma av løver ute i bushen.

Maten dei fekk i Zimbabwe var mykje betre enn i Namibia. – Her var det ”full English breakfast” kvar dag, seier Rebekka, med egg og bacon, brød, juice og elles alt som høyrer til. Men det var ikkje så reint, og Marte blei forskrekka då ho møtte på ei frosk i dusjen.

Men det er ikkje på grunn av maten Rebekka og Marte gjerne vil tilbake til Afrika. Etter det me forstår, gjorde det sterkt inntrykk å arbeida med gatebarn i Gweru. No er begge jentene i fullt arbeid igjen, Marte på REMA 1000 og Rebekka hos Fjord 1 i Sandvikvåg. Dei vil prøva å spara pengar til ein ny tur, kanskje til Afrika eller Asia eller Sør-Amerika, etter det me forstår. Dei har nok erfart det som mange har opplevd før dei. Reiselyst er ein farleg basill, som du ikkje blir kvitt ved å reisa – du får berre meir og meir lyst…