Spruten stod så bilen til tider mest forsvann, då Fitjar Racingteam både dreiv med oppvising og testing på Søra Tjødno ved Svartasmogvegen i føremiddag.

Med 40 cm tjukk is, solide ispiggar på bilane til Racingteamet og motorsyklane Stord motorcross som prøvde seg på, vart dette ein heftig og rå seanse både å sjå på og vera med på. For etter at me hadde fotografert Jarle Bukkøy som freste rundt på isen for full pinne, men òg med full kontroll, vart me invitert med på ein tur.

Bilen som Jarle Bukkøy brukte til oppvisinga er ein «heimelaga» Audi S2 på 750 hk, med ein energifaktor på 800 Nm og firhjulstrekk. Og la oss berre seie det rett ut: – Aldri har me site i ein bil og opplevd maken til bilkøyring. Nifst, men samstundes heilt utruleg å snurra rundt for så å dra på igjen med vannvittig akselerasjon; – og samstundes oppleva ein bilførar som midt i dette hadde full kontroll.

– Tanken i dag var å få testa ut det heile for sidan og å arrangera eit opplegg der vanlege folk kan få sleppa til. I dag var det for mykje overvatn til det, seier Ole Vidar Helland i Fitjar Racingteam, og legg til:  – På denne måten kan folk læra korleis bilen oppfører seg på isen. Truleg lagar me eit opplegg med kjegler og liknande som folk kan svinga imellom, neste gong.

Og, berre så det er sagt. Det er ikkje berre å peisa bilen ut på eit islagt vatn. Fitjar Racingteam gjorde alt skikkeleg: Dei søkte om løyve både hos Fitjar kommune og grunneigarar på førehand, og ikkje minst: Dei venta til isen var meir enn tjukk nok!