Over 300 personar kunne Endre Inge Stokken telje til når han skulle føre rekneskap over kor mange som var til gudsteneste i dag. Ei gudsteneste som var prega av "Markens grøde". Fitjar Bondekvinnelag hadde tradisjonen tru pynta kyrkja svært dekorativt med frukt og grønsaker, i prosesjon vart fleire korgar med årets avling boren fram og plassert i koret – og både Soknerådsbarnehagane og Fitjar barnegospel deltok på gudstenesta.